Stell av juletre

Tips om stell av juletreet

Kjemiske sprøytemidlar har ikkje vore i bruk i Hatlane Juletreskog dei siste 20 åra! Heilt økologiske tre.

Eit juletre er ein levande plante som har mista kontakten med rota.

Fordamping av vatn må erstattast med tilgang på nytt vatn, elles vil treet tørka ut, og nålene drysse. For norsk gran kan dette skje etter berre 2-3 døger i ei varm stove med tørr luft.

Edelgraner held mykje betre på nålene, sjølv om dei tørkar.

Når du har fått juletreet heim bør det lagrast frostfritt, men kjøleg. Set gjerne treet i ei bøtte vatn.

Lat aldri juletrefoten gå tom for vatn. Då vil sopp og kvae stengje porene, slik at treet ikkje tek til seg vatn, sjølv etter en har fylt på att.

Lykke til og god jul.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar